Bane NOR: Travel sommar på Rallarvegen

Tidleg snøsmelting og godt vêr har gitt storinnrykk av syklistar på Rallarvegen langs Bergensbanen. Bane NOR held den historiske vegen ved like.

Kvart år tek over 20 000 syklistar turen langs Rallarvegen. Foto: Svein Ulvund
Kvart år tek over 20 000 syklistar turen langs Rallarvegen. Foto: Svein Ulvund

Rallarvegen langs Bergensbanen er både eit kulturminne og ein av landets mest populære sykkelvegar. I over ti år har Bane NOR arbeida med å ruste opp og vedlikehalde den 80 kilometer lange og over 100 år gamle vegen.

– Me er godt i rute med årets arbeid. Entreprenøren har utbetra gamle murar i den øvste delen av Klevagjelet. Seinare i sommar skal dei mellom anna byggje ny stikkrenne i Mørkaskjeringa mellom Grjotrust og Hallingskeid, fortel arbeidsplanleggar Olav Hande i Bane NOR.

Han oppmodar syklistar til å vere ekstra forsiktige ved Klevagjelet, som er eit bratt parti med særleg grovt dekkje på vegen. Også Myrdalssvingane er eit krevjande parti som krev at ein tek det roleg.

Hande er letta over at vegen klarte seg bra gjennom sist vinter.

– Då snøen forsvann, vart me positivt overraska over tilstanden på vegen. Det varme vêret førte til at mykje vatn fordampa i staden for å renne ut i vegen, seier han.

Dei bratte og krappe Myrdalssvingane er utbetra dei siste åra, men det er framleis viktig å sykle forsiktig. Foto: Olav Hande
Dei bratte og krappe Myrdalssvingane er utbetra dei siste åra, men det er framleis viktig å sykle forsiktig. Foto: Olav Hande

Steinete veg

– Me har hatt eit fantastisk vêr og veldig bra pågang av gjestar. Rett og slett ein formidabel sommar så langt, seier dagleg leiar Eldbjørg Kaupang ved Haugastøl turistsenter. Ho legg til at fleire syklistar kommenterer at vegen er meir steinete enn dei hadde trudd.

– Eg trur tørka har ført til at ein del finmasse har støva vekk. Rallarvegen er røff å sykle på, og sånn skal det vere. Det er viktig at folk veit om det og tek det med ro, seier ho.

Færre ulukker

Vatnahalsen turisthotell ligg der Rallarvegen slynger seg ned Myrdalssvingane mot Flåm. Dagleg leiar Jannet Aksnes kan melde om stadig fleire syklistar frå andre land.

– Totalt har me ikkje hatt fleire syklistar enn i fjor, men talet på utanlandske gjestar som syklar har auka kraftig. Det har vore færre skadar i år enn tidlegare, men det ironiske er at ulukkene skjer der vegen er best. Folk konsentrerer seg nok meir når vegen er stygg, og så gløymer dei seg når underlaget er betre, seier ho.

Tips til syklistar

Planlegg du å sykle på Rallarvegen, eller vil du vite meir om historia bak vegen? Bane NOR har samla ein del nyttig informasjon på  www.banenor.no/rallarvegen

Her kan du og laste ned ein ny informasjonsfaldar med kart over vegen.