Bane NOR: Slik tek Bane NOR vare på Rallarvegen

Rallarvegen langs Bergensbanen er både eit kulturminne og ein av landets mest populære sykkelvegar. Ein ny forvaltningsplan skal sikre vegen for framtida.

I 2017 la firmaet Melcon AS nye kantsteinar langs vegen i Seltuftbakkane. Foto: Kjetil Thorsen
I 2017 la firmaet Melcon AS nye kantsteinar langs vegen i Seltuftbakkane. Foto: Kjetil Thorsen

Bane NOR har ansvar for å forvalte Rallarvegen, som strekkjer seg 80 kilometer frå Haugastøl over Finse til Myrdal, og langs Flåmsbana ned til Flåm. Vegen vart bygd for å frakte mat, utstyr og materialar til bygginga av Bergensbanen, som opna i 1909.

Forvaltningsplanen som nyleg vart vedteken, legg føringar for restaurering og vedlikehald av vegen.

– Planen gjeld for strekninga frå Finse til Kårdal i Flåmsdalen. Dette er den mest autentiske og best ivaretekne delen av vegen, fortel Marit By. Ho er prosjektkoordinator i Bane NOR for Landsverneplanen for jernbanen.

Marit By arbeider med kulturminnevern. Her er ho på synfaring på Rallarvegen saman med områdedirektør Tony Dæmring (i midten) og arbeidsplanleggar Olav Hande. Foto: Ingunn Halvorsen
Marit By arbeider med kulturminnevern. Her er ho på synfaring på Rallarvegen saman med områdedirektør Tony Dæmring (i midten) og arbeidsplanleggar Olav Hande. Foto: Ingunn Halvorsen

Ikkje lov med plastrøyr

Målet med forvaltningsplanen er å ta vare på kulturminna og kulturlandskapet på Rallarvegen.  Planen skal sikre at vegen vert sett i stand og utvikla vidare i tråd med landsverneplanen, som er vedteken ved såkalla kongeleg resolusjon. Dette krev eit forpliktande samarbeid mellom lokale og nasjonale aktørar.

– Krav til skjøtsel og vedlikehald av vegen er definerte, og planen inneheld prinsipp for korleis me skal ta vare på den gamle byggjeskikken. Dei som held vegen ved like skal kunne nytte planen som eit verktøy. Til dømes skal øydelagde stikkrenner byggjast opp att med hogd naturstein slik dei i si tid vart laga, ikkje med plastrøyr, forklarar By.

Stikkrenner, murar, grøfter og vegdekkje skal haldast i same stil som den opphavlege. Ei stikkrenne som tidlegare var reparert med plastrøyr …
Stikkrenner, murar, grøfter og vegdekkje skal haldast i same stil som den opphavlege. Ei stikkrenne som tidlegare var reparert med plastrøyr …
… vart i fjor bygd opp att i stein. Foto: Olav Hande
… vart i fjor bygd opp att i stein. Foto: Olav Hande

Rallarvegen har vore utsett for slitasje frå køyretøy og naturkrefter. Dette skjedde ikkje minst på 1970-talet då vegen vart nytta til anleggstrafikk i samband med ny kraftlinje og fjernstyringsanlegg for Bergensbanen. Vegen var lenge i dårleg stand og nokre plassar nesten borte. Sidan 2004 har Bane NOR investert om lag 15 millionar kroner for å stogge forfallet og ruste vegen gradvis opp att.

Vil formidle rallarkultur

Forvaltningsplanen er utarbeidd av Bane NOR med innspel frå Hordaland fylkeskommune. Parallelt med planarbeidet er det gjort ei rekkje tiltak på vegen. Dei siste åra har Bane NOR mellom anna reparert vegen i Myrdalsvingane, ved Reinunga og ved Kleivagjelet.

– Til sommaren skal me utbetre strekningane ved Grjotrust og Mørkaskjæringa aust for Hallingskeid, og generelt gruse og vedlikehalde vegen. Kvart år må me sjå når snøen smeltar om det er spesielle område som er skada etter vinteren, fortel prosjektleiar Jon Hermann Rivenes. Han tek sikte på å signere kontrakt med ein entreprenør for arbeidet i løpet av våren.

I Myrdalssvingane ned mot Flåm er fleire parti av Rallarvegen utbetra. Foto: Olav Hande
I Myrdalssvingane ned mot Flåm er fleire parti av Rallarvegen utbetra. Foto: Olav Hande

I tillegg til forvaltningsplanen som no er ferdig, er arbeid i gang med ein plan for uteområdet på Finse, ein forvaltningsplan for Rallarmuseet og ein eigen formidlingsplan for Rallarvegen.

– Me ønskjer at dei som ferdast på vegen får med seg meir enn «berre» ein sykkeltur. Difor vil me formidle kunnskap om både kulturminne og natur, seier Marit By. Informasjon om tryggleik på vegen og vêret i fjellet vert også sentralt for å sikre at gjestane veit kva dei legg ut på.

Fakta om Rallarvegen

  • Høgfjellsveg langs Bergensbanen
  • Bygd rundt førre hundreårsskifte i samband med bygginga av jernbanen
  • Om lag 80 kilometer lang frå Haugastøl via Myrdal til Flåm
  • Høgste punkt Fagernut (1350 meter over havet), lågaste punkt ved sjøen i Flåm
  • Det går også en veg frå Voss til Upsete vest for Gravhalstunnelen
  • Kvart år syklar over 20 000 turistar Rallarvegen